Hopp til innhold
X
Innhald

Industriby-draumar på Helle

På Helle ville Vestlandskomiteen ha aluminiumsverk. I framgrunnen ser vi Klausen Mek. Verksted, i bakgrunnen Askvoll sentrum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På Helle ville Vestlandskomiteen ha aluminiumsverk. I framgrunnen ser vi Klausen Mek. Verksted, i bakgrunnen Askvoll sentrum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På 1960-talet gjorde landsdelskomitéen for Vestlandet – Vestlandskomitéen - med seinare statsråd og fylkesmann Ingvald Ulveseth som formann, framlegg om å byggje ein ny industriby på inntil 27.000 innbyggjarar i Askvoll, med eit stort aluminiumsverk på Helle. Bustadområde og bysenter skulle liggje kring Straumen , skjerma frå industriområdet.

Komitéen gjorde òg framlegg om at den nye industribyen skulle få eigen flyplass på Dørhella.

Krafta til aluminiumsverket skulle m.a. hentast ved utbygging av Naustdal-Gjengedalsvassdraga og Gaular-vassdraget, som fylket hadde fallrettane til.

På kartet som vart utarbeidd ser vi industriområdet på Helle som eit mørkt felt, med flyplass teikna inn til venstre. Askvoll sentrum er omdøypt til Askvoll gamle sentrum, medan nytt sentrum var teikna inn ved Straumen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 22.06.2010