Hopp til innhold
X
Innhald

Industriby i Askvoll

Byplanen for Askvoll omfatta eit stort aluminiumsverk (nede i midten), eit nytt sentrum (sirkelen i midten), flyplass vest for verket, og jernbane frå verket til ei ny kai sør for noverande sentrum.

Byplanen for Askvoll omfatta eit stort aluminiumsverk (nede i midten), eit nytt sentrum (sirkelen i midten), flyplass vest for verket, og jernbane frå verket til ei ny kai sør for noverande sentrum.

På 1960-talet gjorde landelskomiteen for Vestlandet – Vestlandskomiteen (med seinare statsråd og fylkesmann Ingvald Ulveset som formann, framlegg om å byggje ein ny industriby på inntil 27 000 innbyggjarar i Askvoll, med eit stort aluminiumsverk på Helle.

Bustadområde og bysenter skulle liggje skjerma frå industriområdet kring Straumen. Komitèen gjorde òg framlegg om at den nye industribyen skulle få eigen flyplass på Dørhella.

Krafta til aluminiumsverket skulle m.a. hentast ved utbygging av Naustdal-Gjengedalsvassdraga og Gaular-vassdraget, som fylket hadde fallrettane til - sjå: Kraftsenteret Sandane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2008