Hopp til innhold
X
Innhald

Industrigründeren Johan Jenssen

Trollefos Fabrikker. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Trollefos Fabrikker. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Johan Jenssen fødd 1868 i Bergen slo seg ned i Holmedal 1890 og vart største industri-byggjaren i Sunnfjord før 1. verdskrig. Han kjøpte Holmedal gard, der Ellend Eide m.a. hadde drive fylkets første husmorskule.

Jenssen dyrka Holmedalsgarden opp til 300 dekar og dreiv den fram til eit mønsterbruk. Han fekk bygd veg frå Eikenes til Helle, og frå Holmedal til Helleset.

Skapte eit industrisamfunn

I løpet av ein 20-årsperiode skapte Johan Jenssen Holmedal-bygda om frå ei vanleg jordbruksbygd til eit allsidig industrisamfunn:

I dette huset heldt Firda Brusfabrikk til.

I dette huset heldt Firda Brusfabrikk til.

I 1895 tok gjorde han opptaket til å starte teglverk på Helle (sjå Teglverk i Askvoll).

Han starta Trollefos Uldvarefabrikk i 1895, starta Firda Brusfabrikk i Holmedal i 1899 og var medskipar i Dale Kloggfabrikk same året. I Holmedal starta han også smørfabrikken «Flora» i 1901.

Aksjebrev for Flora Smørfabrikk.

Aksjebrev for Flora Smørfabrikk.

Ved Trollefos bygde han også eige elektrisitetsverk. Smørfabrikken «Flora» gjekk inn etter få år, og eigedomen vart overteken av Trollefos Ullvarefabrik i 1909.

Ullvarefabrikken vart lagd ned i 1925

Jenssen braut tvert med verksemda i Holmedal i 1911. Då reiste han til Amerika, eit par år seinare for han vidare til Cuba, der han vart arbeidar på sukkerplantasjar, og der døydde han i 1919. Etter segna fann Jenssen det rettast å flytte frå Holmedal etter nokre kvinnehistorier, og det var ein kamerat som budde på Cuba som fekk han på trua om å reise dit. Ullvarefabrikken vart lagd ned sju år etter at Jenssen forlet Holmedal.

Den tidlegare smørfabrikkbygningen ved kaia i Holmedal vart i 1943 overteken av brørne Steinar og Sigmund Helle, som starta S. & S. Helle Knivfabrikk (sjå A/S Helle Fabrikker).

Ein del av maskinparken til Trollefos Fabrikker. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Ein del av maskinparken til Trollefos Fabrikker. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Arbeidsstokken på Trollefos Fabrikker i 1904. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Arbeidsstokken på Trollefos Fabrikker i 1904. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2010