Hopp til innhold
X
Innhald

Isak Eikemo

Erling Eikemo bak disken. Foto utlånt av Kjell Eikemo

Erling Eikemo bak disken. Foto utlånt av Kjell Eikemo

Isak Eikemo frå Masfjorden starta landhandel på Helle i 1895, same året som det vart starta teglverk i bygda.

Sonen Erling tok over i 1934 og endra namnet til Erling Eikemo A/S. Han hadde tidlegare drive forretning både i Kyrkjebø i Sogn 1923-1929 og i Askvoll 1933-1934. Han bygde nytt forretningsbygg i 1937. Sonen Ingolf tok over i 1972 og bygde lager for formjøl og gjødsel i 1975. I 1980 vart det bygd ny forretning med sjølvbetjening, og i 1987 bensinstasjon. Erling Paul og Velaug Eikemo tok over drifta i 1989.

Den same butikken ein generasjon seinare, i 1972,  med Ingolf Eikemo bak disken. Kunden er Gunnvor Vårdal Eikemo. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Den same butikken ein generasjon seinare, i 1972, med Ingolf Eikemo bak disken. Kunden er Gunnvor Vårdal Eikemo. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2010