Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Atle Stang

Jan Atle Stang. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Jan Atle Stang. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Jan Atle Stang fødd 1961 i Stongfjorden, busett i Florø. Journalist og redaktør. Han har studert ulike samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Lillehammer.

Arbeidde som lærar i Førde og Naustdal før han 1993–1996 var journalist ved Firdaposten sitt Førde-kontor. Redaktør i Firdaposten 1996–2003, og frå 2003 til 2011 ansvarleg redaktør i avisa Firda i Førde.

Han hadde som student fleire tillitsverv i studentmiljøa, m.a. to år som nestleiar i studentsamfunnet på Lillehammer.

I 2011 vart han tilsett som regionsjef i NHO Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021