Hopp til innhold
Foto: NHO Sogn og Fjordane
Foto: NHO Sogn og Fjordane
X
Innhald

Jan Atle Stang

Jan Atle Stang, næringslivsleiar i Sogn og Fjordane, med lang fartstid som redaktør i avisene Firdaposten og Firda.

Jan Atle Stang er fødd 16. januar 1961 i Stongfjorden i Sogn og Fjordane. Han er busett i Florø. Stang gjekk tømrarlinja ved Høyanger vidaregåande skule (1977–78) og tok allmennfag ved Førde gymnas (1982–85). Han har grunnfag i samfunnspolitikk og offentleg forvaltning frå Høgskolen i Lillehammer (1986–87), i tillegg til grunnfag i både sosialantropologi og historie frå Universitetet i Bergen (1988–90). Stang har òg diverse kurs innanfor leiing.
 
Etter nokre år som tømrar og deretter lærar i Naustdal og Førde, vart Stang i 1993 tilsett som journalist i Firdaposten i Florø. I 1996 vart han ansvarleg redaktør i same avisa og arbeidde der fram til 2003. I perioden 2003–12 var han så sjefsredaktør i Sogn og Fjordane si største avisa, Firda. I januar 2012 byrja han som regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde til han i 2017 blei kommunikasjonssjef for internkommunikasjon i NHO på hovudkontoret. 
 
Som redaktør i Firdaposten vart Stang si viktigaste oppgåve å endre abonnementsfråfallet og den vanskelege økonomiske situasjonen til avisa, mellom anna ved å gå frå ein tabloid til ein meir lokal profil. I Firda hadde han ei nøkkelrolle i arbeidet med å løyse store interne konfliktar i redaksjonen og å implementere ein framtidsretta journalistikk og ei avisdrift tilpassa ein ny mediekvardag. Det siste resulterte mellom anna i at Firda i 2007 vart kåra til ei av dei beste avisene i landet på nett. Då Stang slutta i Firda, hadde han til saman vore tilsett i redaksjonelle stillingar i A-pressekonsernet i nesten 20 år.
 
Stang har hatt ei rekkje verv, mellom anna som styremedlem og styreleiar for Vestkysten Reiseliv, sekretær og nestleiar i styret for Vestafjeldske redaktørforening, styremedlem i Nynorsk Pressekontor og i hovudstyret i Norsk Redaktørforening. Han har òg vore med i Næringsforum Sogn og Fjordane og Næringsforum Vestlandet.
 
Kjelder
E-post frå Jan Atle Stang 20.8.2014
 
Terje Ulvedal: «Firdaredaktør blir NHO-direktør», bt.no, publisert 20.9.2011: http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Firdaredaktor-blir-NHO-direktor-2578475.html?xtor=RSS-2 [lesedato 19.8.2014]
Cato Husabø Fossen: «Stang går av som Firda-redaktør», firda.no, publisert 20.1.2012: http://www.firda.no/nyhende/article5891334.ece [lesedato 19.8.2014]

Først publisert: 04.02.2015
Sist oppdatert: 01.08.2018