Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Tøgersen Rosenberg

Jens Tøgersen Rosenberg (d 1705). Fut, busett på garden Ask i Askvoll frå 1684 til 1705. (sjå Futen på Ask)

Elles budde futane i Sunnfjord frå 1500-talet på Fure på sørsida av fjorden (sjå Fjaler), og frå midten av 1700 vart Svanøy futesete. Dei siste futane budde i Førde.

Ein av stesønene til Rosenberg var Nils Nilsson Fuhrmann. Han voks opp på Ask, og vart seinare amtmann på Island.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008