Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Jenssen

Johan Jenssen (1868-1919) frå Bergen, busett i Holmedal. Agronom og industrigründer.

Johan Jenssen (1868-1919) frå Bergen, busett i Holmedal. Agronom og industrigründer.

Jenssen slo seg ned i Holmedal i 1890 og vart den største industribyggjaren i Sunnfjord fram til 1918. Han kjøpte Holmedal gard, der Ellend Eide m.a. hadde drive fylkets første husmorskule.

Johan Jenssen dyrka Holmedals-garden opp til 300 da. og dreiv den fram til eit mønsterbruk. Han fekk bygd veg frå Eikenes til Helle, og frå Holmedal til Helleset.

Fabrikkar og elektrisitetsverk

I 1895 gjorde Jenssen opptaket til det første teglverket på Helle, starta Trollefos Uldvarefabrikk i 1895, Firda brusfabrikk og Dale Kloggfabrikk i 1899 og smørfabrikken ”Flora” i 1901. Ved Trollefos bygde han også eige elektrisitetsverk.

Smørfabrikken «Flora» gjekk inn etter få år, og eigedomen vart overteken av Troldefos Ullvarefabrik i 1909. Ullvarefabrikken vart lagt ned i 1925.

Frå Holmedal til Cuba

Signaturen til Johan Jenssen.

Signaturen til Johan Jenssen.

Jensen braut tvert med verksemda i Holmedal i 1911. Då reiste han til Amerika, eit par år seinare for han vidare til Cuba, der han vart arbeidar på sukkerplantasjar, og der døydde han i 1919. Etter segna fann Jenssen det rettast å flytte frå Holmedal etter nokre kvinnehistorier, og det var ein kamerat som budde på Cuba som fekk han på trua om å reise dit, der han døydde av ein nyresjukdom.

Holmedalsgarden gjekk i 1920 til Anders Olsson Ålhus frå Jølster, og derifrå til slekta Helgheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011