Hopp til innhold
Jørgen Stang. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Jørgen Stang. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Jørgen Stang

Jørgen Stang var forfattar og biletkunstnar frå Sunnfjord. Han uttrykte seg i mange sjangrar: viser, dikt, kåseri, tonar og biletkunst.

Jørgen Stang var fødd 30. september 1924 i Stongfjorden i Sunnfjord og døydde 13. januar 2002 i Askvoll. 

Etter folkeskulen var Stang elev ved realskulen i Askvoll og tok så examen artium ved Sogndal gymnas i 1945. Dei neste par åra hadde han lærarjobbar, mellom anna på Bulandet og i Høyvika, før han begynte på Bergens Handelsgymnasium i 1947 og tok eksamen i 1948. Hausten 1948 flytte han til Oslo.

Stang var spaltist i avisa Folket, talerøyr for fråhaldsrørsla i Noreg, frå 1962 til 1982 og i Norges bondeblad / Bondebladet 1966–81. I 1970-åra hadde han mange «Barnetimen for dei minste» i NRK. Han var også radiokåsør, og han var med i fleire radio- og fjernsynsprogram.

I 1968 debuterte Stang med barneboka Rise Rugge Småttomsenn, illustrert av Unni-Lise Jonsmoen, ei bok han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for. Seinare vart det fem vise- og diktbøker til for barn og ei barnebok med eventyr. Bøkene for barn er mest morovers, med ei leikande haldning til språk, personar og handling.

Stang gjendikta tre bøker av danske Halfdan Rasmussen, og fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin omsetjarpris for den første av dei, Trippe-trapp-trappestein (1972).

I 1970 vann Stang, saman med Bjarne Volle (melodi), førsteprisen i ei visetevling arrangert av Dag og Tid, med «Natursvinvise».

For vaksne lesarar gav Stang ut to dikt- og visesamlingar: Åretak (1970) og Vengeslag (1973). I begge desse bøkene, og i eit par av barnebøkene, finn vi notar til nokre av tekstane. I tillegg til Stang sjølv har Sparre Olsen, Bjarne Volle og Tormod Sæverud laga melodiar. Der viddevinden bur (1982) er eit notehefte med melodiar av Tormod Sæverud til ni tekstar av Stang.

I bøkene for vaksne finn vi meir av alvor, med uttrykk for einsemd og vonløyse – men også kjærleik og naturstemningar. Stang har mange naturlyriske tekstar, med musikk-inspirerte innslag, stundom med tydeleg inspirasjon frå folkedikting og folkeviser. Metaforane hans er henta frå natur og kvardagsliv, og dei er sjeldan innfløkte.

Stang var sjølvlærd som biletkunstar og hadde ei lang rekkje utstillingar i 1980- og 90-åra. Han budde i Hamburg nokre år og hadde separatutstillingar både der og i Bremen. Mange av bileta hans har motiv frå Sunnfjord-naturen.

Stang var medlem av Den norske Forfatterforening, Ungdomslitteraturens forfatterlag og Norsk Oversetterforening.

Jørgen Stang: «Natursvinvise» (1970)

Når havet som ein spegel ligg og blenkjer
og holmane ligg lokkande og dreg
da bryt vi alle hemningar og lenkjer
og går om bord og voggar oss i veg,
så landar vi i vika vår der ute
med fire kassar prima proviant
som skal setja sine spor
kring naturens middagsbord
som ei helsing ifrå sivilisasjonen.

Vi gassar oss og kosar oss som kongar
med øl på boks og snop og hermetikk
og slengjer frå oss flasker og kartongar
og med transistor på for full musikk,
for søren, det er ingen her som ser oss,
vi gjer da som vi vil i dette land,
om vi grisar litegrann
finst det nok av gras og sand
til å herje med for sivilisasjonen.

Når alle etter måltidet er mette
og strekkjer seg og ropar etter tur
da går vi på natursvintoalettet
til møkalei vi nasen heim att snur
frå eggeskal og korkar og «visittkort»
og flaskeskrot og koppar av papir
vi har gjort så godt vi kan
for å grise til vårt land
og ber tittelen NATURSVIN fullt med rette.


Kjelder

E‑post frå Frode Stang 6.5.2019

 

«Dag og Tids visepris 1970», Dag og Tid nr. 51/52, 1970

«Møte med forfattaren Jørgen Stang», usignert artikkel, Firda 4.9.1984

Rune Timberlid: «Målar Norge når heimlengten kjem», Firda 1.10.1999

RTK: «Til minne. Jørgen Stang», Firda 22.1.2002

 

Peikarar

Forfattarside om Jørgen Stang på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no

Digitaliserte bøker av Jørgen Stang på Nasjonalbiblioteket, nb.no


Sist oppdatert: 21.10.2020