Hopp til innhold
X
Innhald

Jostein Sandøy

Jostein Sandøy (1928-2011) frå Sandøy. Fiskar, organisasjonsmann og politikar.

Jostein Sandøy (1928-2011) frå Sandøy. Fiskar, organisasjonsmann og politikar.

Sandøy var fiskebåtreiar og m.a. styreleiar ved skipinga av Bulandet fiskeindustri. Han var styremedlem i Sogn og Fjordane Fiskesalslag i 33 år, i Sogn og Fjordane Fiskarlag i 12 år og sat 16 år i fiskeristyret i Sogn og Fjordane.

Som politikar var Sandøy medlem av Askvoll kommunestyre i 26 år, først for Venstre, etter 1972 for Høgre. Han var fylkestingsmedlem frå 1984 til 1987, innvald for Høgre.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2012