Hopp til innhold
X
Innhald

K. Olsen Bageri

Karl Olsen starta bakeriet i dette huset. Han står sjølv til høgre for trappa. Kona Amanda står i døropninga med sonen Olaf på armen. Dei andre personane er truleg kundar eller tilfeldig forbipasserande. Ukjend fotograf, eigar Gerd Hersvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Karl Olsen starta bakeriet i dette huset. Han står sjølv til høgre for trappa. Kona Amanda står i døropninga med sonen Olaf på armen. Dei andre personane er truleg kundar eller tilfeldig forbipasserande. Ukjend fotograf, eigar Gerd Hersvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

K. Olsen Bageri i Askvoll vart starta av Karl Olsen frå Solheimsdalen i 1905.
I 1906 bygde Olsen ei stor sjøbu – på folkemunne kalla Olsenbua - der han dreiv både bakeri, vanleg landhandel og trelasthandel. I 1920 utvida han bygget austover. Enkja Amanda tok over drifta då Karl døydde i 1923, men gav seg kring 1926.

Slakteri og samyrkelag

På Olsenbua leigde også Lars Mandelid lokale til slakteriet sitt. Askvoll Samyrkelag kjøpte i 1948 Olsenbua og starta si første forretning der.

Olsenbua, som Karl Olsen bygde i 1906, lengst til høgre.

Olsenbua, som Karl Olsen bygde i 1906, lengst til høgre.

Sykkelreparasjon

I den vestre delen av Olsenbua starta sonen til Karl og Amanda, Olaf Olsen, reparasjonsverkstad for syklar og vognhjul. Denne butikken - Askvoll Sykkel- og Sportsforretning - utvikla seg til ein vanleg sportsbutikk som i 1966 vart flytta til eit anna bygg på Apotekarbakken i Askvoll sentrum. Olaf Olsen dreiv sportsforretninga til 1980.

Olaf Olsen dreiv også kiosken på rutebåtkaia i Askvoll frå 1958, og dottera Gerd dreiv den fram til kiosken vart stengd for godt i 1996.

Som far, så søner

To andre søner til Karl og Amanda Olsen, Ingolf og Kåre Olsen, vart begge bakarar: Ingolf i Stongfjorden og Kåre i Stongfjorden og noko seinare på Sunndalsøra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2010