Hopp til innhold
X
Innhald

Kampen om Dalsfjordsambandet

Frå opninga av Dalsfjordsambandet 14. desember 2013. Foto: Alf Vidar Snæland.

Frå opninga av Dalsfjordsambandet 14. desember 2013. Foto: Alf Vidar Snæland.

Den 14. desember 2013 vart Dalsfjordsambandet med bru over Dalsfjorden offisielt opna. Bak denne opninga låg ein langvarig kamp. Heilt sidan tidleg på 1970-talet har folket kring Dalsfjorden kjempa for dette sambandet. Tida etter det var prega av det aksjonistane kallar lovnadsbrot. Dei mange vonbrota er opphavet til vegstubben som bruforkjemparane gav namnet «Skandalevegen».

Dalsfjordbru ved Nishammaren

Dalsfjordbrua kryssar Dalsfjorden like aust for Dale sentrum ved Nishammaren. Det kortar reisetida frå Askvoll- og Holmedalområdet sørover til Dale monaleg ned. Sambandet over Dalsfjorden gjekk fram til bruopninga med ferja Eikenes – Dale.

I 1975-79 var det vegbygging innover mot det tenkte brufestet på nordsida, men prosjektet vart stoppa m.a. av di Norddalsfjordbrua på riksvegen Svelgen - Florø vart prioritert føre Dalsfjordsambandet. Den halvferdige vegen vart kalla ”Skandalevegen” av bruaksjonistane, og folk som soknar til sambandet, har sidan markert misnøye og støtta vegkravet med talrike aksjonar.

Først krav om veg rundt fjorden

Planane om å knyte bygdene på nordsida og sørsida av Dalsfjorden saman vart på 1960-talet fremja som krav om veg mellom Eikenes og Laukeland på nordsida av Dalsfjorden, slik at det vart vegsamband heilt rundt. I 1962 vart det samla 1200 underskrifter til støtte for dette prosjektet. Fylkestinget prioriterte dette vegsambandet på førsteplass av riksveganlegga i 1967. Hadde prioriteringa vorte fylgd, hadde vegen vore ferdig i 1973.

Frå Eikenes ferjekai vart det i 1975 bygt fire kilometer veg som enda i ingenting. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Eikenes ferjekai vart det i 1975 bygt fire kilometer veg som enda i ingenting. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I mellomtida hadde planane om vegsamband for Askvoll langs Førdefjorden dukka opp - sjå Folkelånsvegen. Kommunestyret i Askvoll kløyvde seg på midten i synet på lineval, og eit folkemøte i Askvoll kravde dessutan at Askvoll-halvøya måtte få vegutløysinga mot nord, langs Førdefjorden. Denne splittinga internt i Askvoll førde til at statsløyvingane til vegsambandet på nordsida av Dalsfjorden vart strokne i 1971.

Spørsmålet i bergveggen uttrykkjer frustrasjonen til folk på begge sider av Dalsfjorden. Foto NRK.

Spørsmålet i bergveggen uttrykkjer frustrasjonen til folk på begge sider av Dalsfjorden. Foto NRK.

Dalsfjordbrua og Skandalevegen

I 1973 vart Norsk Vegplan revidert, og no kom Dalsfjordsambandet innatt i ei revidert form: Staten ville no byggje veg frå ferjeleiet på Eikenes og austover til Otterstein og setje opp eit mellombels ferjesamband mellom Otterstein og Dale inntil brua over fjorden frå Otterstein til Nishammaren vart bygd. Planen tok sikte på at brua kunne stå ferdig kring 1981.

I 1975 starta Vegvesenet bygging av vegen innover frå Eikenes mot Otterstein. Til saman vart det bygd fire kilometer veg og tunnel før arbeidet vart stoppa. Stortinget gjekk i 1981 inn for å overføre løyvingane frå Dalsfjord-sambandet m.a. til bygging av bru over Norddalsfjorden i Flora kommune (sjå Veg- og brusamband i Flora), veg langs Hyefjorden (sjå Samferdsle i Gloppen) og vegutbetringar i Hyllestad.

«Skandalevegen», som kosta 13 millionar kroner, stod sidan unytta, den enda i klinkande berget. Sidan har aksjonsgrupper arbeidd iherdig for å få Dalsfjordbrua innatt på statsbudsjettet, og brukravet har stått gjennom mange stormar når fylkestinget på 2000-talet har gjort prioriteringar for riksvegbudsjettet.

Leiaren for Aksjon Dalsfjordbrua, Rolf Kleiven, skålar i champagne med tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete etter opninga av brua 14. desember 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Leiaren for Aksjon Dalsfjordbrua, Rolf Kleiven, skålar i champagne med tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete etter opninga av brua 14. desember 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferdig i desember 2013

Vegstellet la i 2007 fram ein plan om å byggje ei 650 meter lang bru og tunnelar ved det sørlege brufestet i Nishamaren. På nordsida skal det byggjast ein 1600 meter lang tunnel framom eit rasfarleg parti ved Otterstein. I alt er det tre tunnelar på til saman 4,2 kilometer og 5,2 kilometer med veg i tillegg til sjølve brua. Nishammartunnelen på sørsida av fjorden vart opna for trafikk hausten 2012. Samla kostnad på prosjektet var då estimert til 870 millionar kroner. I desember 2009 gjorde fylkestinget endeleg vedtak om at Dalsfjordbrua skal byggjast. Då vedtaket var klubba, braut aksjonistane på tilhøyrarplass ut i allsong. I april 2010 vart veg- og bruprosjektet lyst ut på anbod, og i oktober same året starta anleggsarbeidet. Og 14. desember 2013 vart brua offisielt opna av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Den totale kostnaden for brua og vegsystemet på begge sider av fjorden vart på 1. 2 milliardar kroner.

I november 2014 kom det ut ei bok om kampen for Dalsfjordsambandet – «Den hersens brua», forfatta av Marianna Furevikstrand.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2015