Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Olset

Kåre Olset (t.v.) og Mads-John Thyvold i Hyde Park i 1945. Foto frå boka til Aud Elsa Grøneng, utlånt av Karin Margrethe Thyvold

Kåre Olset (t.v.) og Mads-John Thyvold i Hyde Park i 1945. Foto frå boka til Aud Elsa Grøneng, utlånt av Karin Margrethe Thyvold

Kåre Olset fødd 1921. Menig soldat. Teken til fange under kampane på Svalbard 8.09.1943.

Overført Schildheim, rømde under fangeflytting vestover den 19.01.1945 og kom saman med russiske tropper på veg mot Berlin. Rømde frå desse saman med ein annan nordmann, Mads-John Thyvold frå Oslo, til Odessa og derfrå til England.

Den dramatiske krigshistoria til dei to er fortalt i boka ”Frå Svalbard til Odessa – på flukt gjennom krigen ” (Samlaget 2006), skriven av Aud Elsa Grøneng frå Askvoll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.04.2009