Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Håvard Sandøy

Karl Håvard Sandøy vart fødd 1935 i Askvoll, busett i Bergen. Industrileiar og gründer. Utdanna ved Hærens yrkesskole for sambandsteknisk befal. Lærar ved Hærens yrkesskole før han i 1967 vart opplæringsleiar ved Oslo Skinnauksjoner. Personalsjef i AS Grorud Jernvarefabrikk i 1972, seinare administrerande direktør i Grorud Systemer AS. Bygde frå 1980 opp Grorud Jernvarefabrikk si avdeling i Nord-England med tre verksemder og 500 tilsette. Flytta i 1994 til Osa i Hardanger og starta mellom anna Osa Mineralwater AS.

Har engasjert seg sterkt for å få bygd eit stort ferie- og kurssenter på Sandøy i Askvoll. Har vore styremedlem i Det norske handelskammer i London. Riddar av 1. klasse av Den kongelige norske fortenesteorden i 1993.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011