Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Petterson Vadøy

 Karl Petterson Vadøy (1878-1965) frå Bulandet, busett i Smørhamn. Fiskar, organisasjonsmann og  Venstre-politikar.

Karl Petterson Vadøy (1878-1965) frå Bulandet, busett i Smørhamn. Fiskar, organisasjonsmann og Venstre-politikar.

Vadøy flytta til Smørhamn i Bremanger i 1922 og overtok den gamle handelsstaden der i 1926. Han dreiv aktivt fiske med eige notbruk fram til 1958. Vadøy var medlem av kommunestyret i Bremanger frå 1924 og var formann i skulestyre, overlikningsnemnda og forstandarskapen i Bremanger Sparebank. Han var også leiar i Kalvåg Indremisjon. Styreformann i Noregs Sildesalslag frå 1933 til 1945.

Styremedlem i Norges Venstrelag frå 1948, og vararepr. til Stortinget 1939-1949. Han møtte på Stortinget etter avdøde Hans Seip i 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2009