Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Askvoll

Kong Fredrik IV gjesta kyrkja i Askvoll i 1704.

Kong Fredrik IV gjesta kyrkja i Askvoll i 1704.

Kong Fredrik IV gjesta Askvoll i 1704 på ei reise frå Bergen til Trondheim. Dei kom til Askvoll 20. juli, gjesta kyrkja og høyrde presten Christen Grønbech preike. Deretter åt fylgjet middag i prestegarden.

Derfrå reiste fylgjet til Smørhamn i Bremanger. På vegen nordover til Smørhamn steig fylgjet i land på ein stad der det skulle vore funne jaspis - ein smykkestein. Dei grov i berget fleire stader utan å finne noko. (Sjå Kongevitjingar i Bremanger.)

Sommaren 2005 vitja dronning Sonja i eit privat ærend øya Alden med kongeskipet ”Norge” for å gå fjelltur til toppen av den særmerkte øya ved kystleia.

Kronprinsparet på besøk i 2006

I september 2006 var kronprinsparet Haakon og Mette Marit på offisiell gjesting i seks kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.

Kronprinsparet på Kjempenesbrua på Bulandet. Foto: Torbjørn Fardal, NRK

Kronprinsparet på Kjempenesbrua på Bulandet. Foto: Torbjørn Fardal, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.03.2008