Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Askvoll

Historieinteresserte stongfjordingar har teke vare på turbinen frå Stongavassdraget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Historieinteresserte stongfjordingar har teke vare på turbinen frå Stongavassdraget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gatelys i 1907

Stongfjorden var eit av dei første bygdesamfunna i fylket som tok i bruk elektrisitet som energikjelde for varme og lys.

Den første som bygde eit lite kraftverk i Sogn og Fjordane, var Truls Rasmussen Vassenden i Loen som hadde lært om den nye teknologien i England.

Plankerenne frå demning til tunnel i Stongavassdraget. Foto: Paul Stang. © Fylkesarkivet.

Plankerenne frå demning til tunnel i Stongavassdraget. Foto: Paul Stang. © Fylkesarkivet.

Men få år etter produserte fossekrafta i Dyrneslivassdraget i Vadheim (sjå Vadheim Elektrochemiske Fabrikker) og Stongavassdraget i Stongfjorden elektrisk straum til den første elektrokjemiske industrien.

Stongavatnet ovanfor Stongfjorden er oppdemt for kraftforsyning. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stongavatnet ovanfor Stongfjorden er oppdemt for kraftforsyning. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker starta i 1897-1898 med jodproduksjon, og i 1907 overtok British Aluminium Company vassdraget og bygde Skandinavias første aluminiumsfabrikk. Samstundes vart fabrikkbygningar og bustadhus i Stongfjorden utstyrte med elektrisk lys, og bygda fekk gatelys. Paradoksalt nok tok det nærpå 60 år før dei siste utkantgrendene i Askvoll fekk elektrisk straum. Det var Eimind og Follevåg - berre nokre kilometer vest for Stongfjorden.

Holmedal tidleg ute

Men i «industrisenteret» Holmedal var ein svært tidleg ute med lokale kraftverk ved Trollefoss Ullvarefabrikk (1900) og margarinfabrikken «Flora» (1901). Fram til 1920 vart det bygd fleire småkraftverk i Holmedal. Ein av dei som ville ha elektrisk lys i huset var den tyske forfatteren Karl Friedrich Kurz. Han bygde sitt eige ved villaen i Vårdal.

Ei målsetjing for Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet) kring 1920 var å levere straum frå Ålfoten m.a. til aluminumsverket i Stongfjorden. Linenettet dit omfatta m.a. fjordspennet over Førdefjorden ved Vevring. (Det var i dette umerka fjordspennet at fire menneske miste livet i 1996, då eit ambulansehelikopter frå Airlift rende seg i leidninga og havarerte.) I 1922 fekk sentrum i Askvoll elektrisk straum frå Stongfjord-stasjonen, seinare frå Ålfotselskapet.

Arbeid på Markevatn Kraftstasjon i Skorva-vassdraget. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Arbeid på Markevatn Kraftstasjon i Skorva-vassdraget. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Midt på 1930-talet fremja YFK søknad om å byggje kraftstasjonar i Skorva-vassdraget ved Flokenes. Men planen var lagt mellombels til sides då Svultingen-anlegga i Hyllestad vart bygde og forsynte også Askvoll med straum frå 1941. Kraftline frå Hyllestad gjekk til Markevatn i Skorva-vassdraget, der YFK no hadde bygd kraftverk.

Straumlause øysamfunn

Ute i øyane måtte bedriftene i lang tid syte for straumforsyning sjølve. Ved Sauesund Hermetikkfabrikk dreiv eit bensindrive aggregat maskinene frå 1936 til 1950, og handelsmann og fisketilvirkar Peder Nikøy i Bulandet installerte bensindrive aggregat i 1937. mange prøvde også med vindmølledrift av små, private kraftverk.

Etter 2. verdskrig sette YFK i verk «Øygardsprosjektet» for endeleg å skaffe straum til øyane i Askvoll og Flora. Det vart lagt sjøkabel til dei fleste, med unntak av Bulandet og Værlandet, som måtte nøye seg med dieselaggregat. Dette vart drive av eit lokalt kraftlag, som fekk driftstøtte frå staten, kommunen og YFK. YFK overtok drifta i 1950, og la sjøkabel til Bulandet-Værlandet i 1955. Men kabelen var sårbar, og det gamle dieselaggregatet kom mang ein gong til nytte seinare når straumen frå fastlandet svikta.

Værlandet og Bulandet, her sett frå toppen av Alden, måtte greie seg med dieselaggregat fram til 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Værlandet og Bulandet, her sett frå toppen av Alden, måtte greie seg med dieselaggregat fram til 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2011