Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Askvoll

Vikingslaget i Stavenesvågen

Segna vil ha det til at gravhaugane kan stamme frå vikingetida, då det stod eit slag på Stavenesvågen, som truleg er det som i dag heiter Stongfjorden.

Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre - etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre - reiste sørover og la under seg Firdafylke.

Skipsfella i Sauesund

Sauesund er kjend frå Snorres kongesoger - soga om Olav den heilage – Olav Haraldsson. Kongen spente eit tau over sundet for å fange Hakon jarl.

Vete på Atløy

På det 326 meter høge fjellet Veten på Atløy finn ein restar etter ei gamal vakthytte som var bygd i stein. Denne veten på Atløy har gått inn i vetesystemet langs kysten. Frå Atløy-veten er det sikt til ein vete på øya Askrova sør for Florø og til veten på Krakhellenipa i Solund.

Kaperskip i Bulandet

I 1710 vart den hollandske skuta "Jomfru Sara" kapra av franske sjørøvarar då ho var på veg heim frå Arkhangelsk i Russland med last

Krigen i 1870

Under krigen mellom Tyskland og Frankrike i 1870 vart to franske skip som var kapra av tyskarane, ført inn til Bulandet og Herland. Det eine skipet kasta anker på Herlandsvika, medan det andre grunnstøytte og forliste vest for Halsøyna og ein av mannskapet drukna.

ANDRE VERDSKRIGEN I ASKVOLL:

Ingen aksjonar i Sogn og Fjordane fekk meir tragisk utfall for sivile enn Gestapo-aksjonen mot Bulandet og Værlandet våren 1942. Under heile krigen vart konvoihamnene på Askvika og i Eidsfjorden like sør for Stongfjorden hardt bomba av allierte fly, og ved Staveneset vart både rutebåtar og konvoiskip utsette for flyåtak.

Britar berga ut frå Stongfjorden

Britar berga ut frå Stongfjorden

Like etter krigsutbrotet i april 1940 vart den britiske fabrikkdirektøren ved British Aluminium Company (BACO) i Stongfjorden evakuert tilbake til Storbritannia av ein britisk ubåt.

Shetlands-farten frå øyane

Øyane Bulandet og Værlandet var ei av dei viktigaste fluktrutene frå Noreg til Shetland under første del av 2. verdskrig.

Massearrestasjonen på øyane

Aksjonen mot Bulandet/Værlandet i 1942 kom etter avsløringa av to motstandsfolk i Telavåg på Sotra, der tyskarane brende ned hus og gardar, og deporterte bygdefolket.

”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne

- mysteriet med to levande og to døde i 1943.

Vestige I, II og III

var kodeorda for tre sabotasjeaksjonar som Kompani Linge gjennomførte mot tyske skip hausten 1943. To av desse vart gjennomførte i Sogn og Fjordane, den eine i Svelgen (sjå: Krigshistoria i Bremanger) og den andre i Askvoll (Vestige II). I oktober 1943 vart ei gruppe soldatar utstyrte med kajakkar sette i land ved Granesundet. Dei skulle feste sprengladningar på tyske skip på Askvika og senke dei. Dårleg ver hindra aksjonen, og soldatane rodde heilt til Ålesund for å sleppe unna.

Telegrafistar og tortur på Staveneset

Telegrafistar og tortur på Staveneset

I fleire veker i 1944 dreiv den unge kvinna Oddny Saltskår på Staveneset eit dobbeltspel med livet som innsats. Det enda til slutt med arrestasjon og grov tortur av Gestapo i Høyanger

Skotne ned ved Staveneset

På Staveneset er det eit minnesmerke over to norske flygarar som vart skotne ned.

Agentar og rassia på Atløy

- merkelege observasjonar på Atløy.

Mange skip senka kring Askvoll

Mange skip senka kring Askvoll

Innløpet til Stongfjorden var ei sentral konvoihamn. Fleire tyske skip vart senka her og på dei opne havstykka Vilnesfjorden og Stavfjorden. M.a. vart vraket av «Lynx» grunnstøtt på Staveneset.

Store tyskarfestningar kring Askvoll

Dei tyske kystfestningane på Eimind og på Flokeneset var nokre av dei sterkaste på Vestlands-kysten.

Niåring drepen av mine

Niåring drepen av mine

Hausten 1944 vart den ni år gamle Trygve Dalsøren drepen av ei mine i eit minefelt på Røyset like nord for Askvoll. Han leika saman med eit par kameratar då ulukka hende.

Falne og omkomne frå Askvoll

Folk frå Askvoll i tysk fangenskap

Les meir om:

* Historia i Askvoll *Kommunehistoria i Askvoll

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2015