Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Faye

Kristian Faye (1859-1954) frå Bergen. Overrettssakførar og industrigründer.

Første fossekjøparane

Kjøpte saman med skipsreiar og fabrikkeigar Peder Jebsen, Dale, fallrettane til vassdraget i Stongfjorden 1897. Dette er ved sida av Dyrneslivassdraget i Vadheim (Vadheim Elektrochemiske Fabrikker) det første fossekjøpet i Sogn og Fjordane i ”fossekjøpstida”, som la grunnlaget for elektrokjemisk industri.

Torvkolfabrikk

Faye og Jebsen bygde først ein stor torvkolfabrikk i Stongfjorden – og då denne ikkje lønte seg, ein trekolfabrikk. Dei selde i 1906 fallrettane i Stongfjorden til British Aluminium Company , som bygde Nordens første aluminiumsverk på Stongfjord-krafta.

Svelgen-vassdraget

Faye kjøpte også fallrettane i Svelgen-vassdraget i 1906 saman med skipsreiar Wilhelm Torkildsen. Dei vart grunnleggjarane av Bremanger Kraftselskap (sjå Ålfotsaka og Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret).

I 1911 kjøpte Faye og Torkildsen fallrettane til Store Førsvatnet i Ålfoten for 6000 kroner, og vatnet derifrå vart seinare leia vestover til kraftstasjonen i Svelgen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008