Hopp til innhold
X
Innhald

Kvammen kapell

Kvammen kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvammen kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvammen kapell vart bygd i 1977, arkitekt Alf Apelseth. Byggmeister Olav Lien, Bygstad.

Kyrkja er bygd i raud teglstein og har frittståande klokketårn. Alt i 1843 vart det diskutert om ei ny kyrkje for denne delen av Førdefjorden, som den gongen høyrde til Vevring kommune, skulle liggje i Vevring på nordsida eller i Kvammen på sørsida.

Vevring fekk kyrkja i 1846, og det var først på 1930-talet at tanken om eit eige kyrkjebygg på sørsida vart fremja. I 1964 vart skulekjellaren i Kvammen vigsla som interimskyrkje. Eitt av fleire alternativ for kyrkjestad var ved gravstaden i Gjelsvik, men til slutt fall valet på Ålen i Kvammen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2010