Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Askvoll

Askvoll kyrkje. Foto Arild Nybø, NRK.

Askvoll kyrkje. Foto Arild Nybø, NRK.

Stavkyrkja som stod i Askvoll i mellomalderen, var ei av hovudkyrkjene i Fjordane, og 1600-talskyrkja på Vilnes på Atløy er den eldste trekyrkja i kystbygdene i fylket. I Holmedal finn vi ei av dei vidgjetne ”Christie-kyrkjene” som vart teikna av mannen som leia restaureringa av Nidarosdomen.

Holmedal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordungskyrkje i Askvoll

Askvoll kyrkje er bygd i 1863. Arkitekt var kunstmålar Anders Askevold frå Askvoll, som òg har måla altartavla.

Trolldom kring Vilnes-kyrkja

Vilnes kyrkje på Atløy vart bygd i 1674 og skal vere den vestlegaste trekyrkja i Noreg frå denne tida.

Christie-kyrkja i Holmedal

Holmedal kyrkje vart bygd i 1868. Arkitekt var Chr. Christie, som også har vore arkitekt for m.a. Kyrkjebø kyrkje i Høyanger, Stedje kyrkje i Sogndal, Årdal kyrkje på Årdalstangen og Hauge kyrkje og nye Borgund kyrkje i Lærdal.

Kvammen kapell

vart bygd 1977. Arkitekt var Alf Apelseth.

Bedehuskapella i Askvoll

I Askvoll kommune er det bygd fem bedehus – i Stongfjorden, Værlandet, Bulandet, Olset og Holmedal. Dei tre første er vigsla til kyrkjeleg bruk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011