Hopp til innhold
X
Innhald

Kystfortet på Eimind

I 1942 installerte tyskarane eit par kanoner i eit batteri i Stongfjorden, men satsa seinare på eit fort lengre ute som kunne kontrollere innløpet til Stongfjorden og skipsleia gjennom Granesundet sør til hamna i Askvoll.

Første etappe var å flytte batteriet frå Stongfjorden til Follevåg i juli 1943, og i november same året var fortet på Eimind ferdig. Resten av krigen dreiv tyskarane og bygde på Eimind, men vart ikkje ferdige før krigen var over.

På Eimind utgjorde fire franske 105 mm kanonar og to russiske 88 mm kanonar hovudskytset. Fortet var bemanna med 104 mann som budde i brakker bak stillingane, og heile neset var minelagt med i alt 2.758 miner. Også kring den mellombelse stillinga i Follevåg vart det lagt ut miner.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010