Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Askvoll

Stongfjorden daglegvarer. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Stongfjorden daglegvarer. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Nils Bergesen fekk i 1860 løyve til å starte landhandel på Hindøy. Han fekk derimot avslag på søknad om å selje brennevin.

Endre Yndestad

starta landhandel på Yndestad i Stongfjorden i 1880.

Yndestad Landhandel A/S

- sjå Endre Yndestad .

Handel, hermetikk og brann på «Gamlekaia»

Tallak Hansson Stang starta landhandel i Askvoll på 1880-talet.

Anne Johanne Høyvik

starta landhandel i Høyvik på Atløy på 1890-talet, men la truleg ned etter kort tid.

Ole Stensæth

starta landhandel i Holmedal i 1892. Lorens Stensæth tok over i 1919 og dreiv til Olav Stensæth vart eigar i 1969. Han bygde ny forretning i 1979 og dreiv denne til han døydde i 1994. Enkja Solveig Stensæth dreiv til 1997, då Marry Bakke overtok og endra namnet til Bakke Handel. Butikken vart lagt ned i 1999.

Isak Eikemo

frå Masfjorden starta landhandel på Helle i 1895, same året som det vart starta teglverk i bygda.

M.B. Sellevold

landhandel på Herland vart grunnlagt i 1898 av (Kolbein) Mathias Berntson Sellevold.

Peder Johan Stang

starta landhandel i Stongfjorden kring 1898. Han dreiv til kring 1902.

Abraham Sørensen Høvik

starta i 1899 landhandel i Sauesundet. I 1929 flytta han butikken frå Sauesund til Skaret. Her tok kona Olina (Lina) imot mjølk og dreiv ysteri. Sonen Jim Høvik tok seinare over og bygde ny sjølvbetjeningsforetning på Haugen i 1979. I 1991 overtok sonen Terje og ektemaken Anne Mari Høvik butikken som også har postkontor. I 2008 overlet dei butikken til Bjørn Arne Mjåseth.

Severin August Sørenson Gjervik

starta omlag 1900 landhandel i Høyvik. Han hadde tidlegare drive ein butikk i Bergen. Då handelsbua brann i 1904 la han ned butikken.

Nikolai Nilsson Haarklau

frå Haukedalen i Førde starta i 1900 landhandel på Kumle på Atløy. Han bygde eige forretningsbygg med bakeri i 1907. Butikkdrifta vart lagt ned like før 1940.

Nikøy Handel AS på kaia på Bulandet.

Nikøy Handel AS på kaia på Bulandet.

Nikøy A/S

grunnlagt 1903 av P. Nikøy. Dreiv landhandel, bakeri og fiskepakking på Bulandet.

Olav Aalen - landhandel og sildesalteri

- landhandel og sildesalting i Kvammen i 1916, damskipsekspeditør og poststyrar. I tillegg kjøpte Olav Aalen seg fiskebåtar og var notbas.

Stafsnes Landhandel

vart starta i Stongfjorden i 1919 av Hans Stafsnes.

Enkefru Stafsnes Eftf. landhandel

i Stongfjorden – sjå Stafsnes Landhandel.

Th. Dalsøren, Askvoll

grunnlagt 1919 av Thomas Dalsøren. Dreiv landhandel og bakeri i Askvoll.

Handel og krabbe på Herland

Grunnlagt på Løkeland i 1919 av Leiv Sigurd Løkeland, og hadde kring 20 personar i arbeid i sesongen. Han starta også ein liten landhandel i kjellaren på Løkeland.

Samuel og ektemaken Sofie Vasset

starta i 1920 landhandel i Høyvik. I 1928 bygde han hus med butikk i kjellarhøgda. Butikken vart driven til kring 1940.

A. Bakke A/S, Holmedal

Landhandel grunnlagt 1923 av Andor Bakke. Sonen Arvid Bakke tok over i 1949 og dreiv til 1974.

Stongfjorden Samvirkelag

vart skipa i 1929.

John og Ragnvald Dørhellen

snikkarverkstad i Stongfjorden – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Stongfjorden handel

– sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Handlekorga

daglegvarebutikk i Stongfjorden – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Stongfjord Daglegvare

– sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Tipperary

daglegvarebutikk – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Stubhaug & Co. i Kvammen. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Stubhaug & Co. i Kvammen. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Stubhaug & Co. landhandel

Stubhaug & Co. landhandel, vart skipa 1935 i Kvammen av Oddvin Stubhaug.

S. Gjørøy

landhandel på Bulandet, grunnlagt 1939.

Askvoll Senter husar m.a. Samyrkelaget (Coop), Gavestøvelen, Mølla m.m. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Askvoll Senter husar m.a. Samyrkelaget (Coop), Gavestøvelen, Mølla m.m. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Askvoll Samyrkelag

vart skipa 1948 med 90 medlemmer.

Gudrun og Hjalmar Gjervik

starta landhandel i Høyvik i 1950. Butikken var i drift til kring 1970.

H. Vaardal

på Vårdalsnes, der Haldor Vaardal dreiv damskipsekspedisjon og landhandel.

Ragna Lutenthun

dreiv i nokre år på 1950- og 1960-talet landhandel i Nervika på Vilnes.

Høyvik handel

vart starta i 1976 i Høyvik på Atløy av Barbra Høyvik. Ho var då 60 år gamal. Barbra dreiv handelen til 1983, då Wenche og Magnar Høyvik tok over. Dei dreiv til 1990.

Barbra Høyvik i butikken ho starta som 60-åring. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Brabra Høyvik

Barbra Høyvik i butikken ho starta som 60-åring. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Brabra Høyvik

Berit og Dagfinn Vilnes

starta landhandel i Leirvåg på Atløy i 1970. Dei dreiv til 1999.

Kremmarar frå Førde

Nokre av dei som elles bygde seg sjøbuer på Atløy var dei rike kremmarane i det gamle handelssenteret i Førde - Sjøahola - sjå: Handelsstaden Sjøahola.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.03.2010