Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Ask

Lars Ask (1849-1919) fiskar og eventyrar frå Askvoll.

Han var den første som på 1890-talet innførte bruk av dory under havfiske. Dette gjorde det lettare å setje og dra liner og garn i staden for å gjere dette frå hovudskipet.

Metoden hadde han lært på fiske ved Newfoundland. Lars Ask tok skippereksamen, og var i mange år skipper på fiskedampskip i Ålesund, der han lærte møringane å bruke dory.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008