Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Mandelid

Lars Mandelid starta slakteri i Askvoll kring 1920. Han leigde lokale i «Olsenbua» til Karl Olsen (sjå K. Olsen Bageri ), og dreiv ei tid og stort med handel av huder og skinn.

Ei tid dreiv han også sauehald: Han kjøpte sau frå folk i vårknipa om våren og sleppte dei på sommarbeite som han leigde i fjella ved Follevåg og Fismen. Frå eigen bøling kunne han slakte opptil 100 sauer og lam om hausten. Mandelid og sønene dreiv slaktarforretninga til fram på 1960-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2009