Hopp til innhold
X
Innhald

Leiknes Snikkarverkstad

M. Leiknes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

M. Leiknes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leiknes Snikkarverkstad vart skipa i Askvoll i 1945 av Magne Leiknes og dreiv produksjon av møblar, kjøkkeninnreiingar, glas og dører i Askvoll.

I 1950 bygde Leiknes eige produksjonsbygg i Biskophamnen. Firmaet endra seinare namn til M. Leiknes AS – Trelast og bygningsartiklar. Sønene til Magne, Arve, Ingemund og Steinar, kom seinare inn i drifta, og firmaet utvida med trelasthandel, og vart bygningsfirma som bygde bustadhus og hytter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2010