Hopp til innhold
X
Innhald

Lensmannsgarden Røyset

Lensmannsgarden Røyset. Foto: Abraham Strømmen.

Lensmannsgarden Røyset. Foto: Abraham Strømmen.

Nord for Askvoll sentrum ligg garden Røyset. Røyset vart lensmannsgard frå 1871 då lensmann Reinhard J. Steen kjøpte garden.

Fram til då hadde lensmannen for det som heitte Askvoll og Hyllestad lensmannsdistrikt budd på Haugland ved Flekkefjorden. Lensmannkontoret låg på Røyset fram til 1961, då det vart flytta til sparebanken sitt nybygg i sentrum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011