Hopp til innhold
X
Innhald

Lindgren-Alsaker AS

Lindgren-Alsaker AS vart starta i Bergen i 2004 av Synne Lindgren Alsaker og Einar Alsaker. I 2005 flytta dei firmaet til Stongfjorden og tok i bruk namnet Sunnfjord Geo Center. Dei sel geologi- og geofysikktenester til oljeindustrien, samt landbaserte geologitenester til private og offentelege instansar der skredevaluering har hovudfokus.

I tillegg er Hønsehagen Vinkjellar som ein del av SGC, ein lokalitet for intimkonsertar og andre kulturarrangement i Stongfjorden.

Det er to fast tilsette i tillegg til to prosjekttilsette og fem deltidstilsette. I 2011 omsette firmaet for rundt fem millionar kroner.

I 2009/2010 vart Sunnfjord Geo Center ”Gaselle”-bedrift, ei kåring avisa Dagens Næringsliv står bak, og der bedrifter med ryddig økonomi og jamn auke i omsetnaden kjem med.

I 2012 starta Synne Lindgren Alasaker og Einar Alsaker Sunnfjord Geo Consulting (SGC) saman med breforskar Atle Nesje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.10.2012