Hopp til innhold
X
Innhald

Mange skip senka kring Askvoll

Under andre verdskrigen vart mange skip angripne av allierte fly utanfor Askvoll. Her er det lasteskipet Lynx som får seg nokre fulltreffarar ved Staveneset 19. september 1944.

Under andre verdskrigen vart mange skip angripne av allierte fly utanfor Askvoll. Her er det lasteskipet Lynx som får seg nokre fulltreffarar ved Staveneset 19. september 1944.

Askvika og Eidsfjorden ved innløpet til Stongfjorden var sentrale konvoihamner. Fleire tyske skip vart senka her og på dei opne havstykka Vilnesfjorden og Stavfjorden. Som fylgje av dette vart det sett forbod mot båttrafikk til Askvoll om natta. Eidsfjorden vart teken i bruk som konvoihamn frå 1943.

Fylgjande bombeåtak med dramatisk utfall er registrerte kring Askvoll:

Oktober 1940

Den norske lastebåten «H.J. Kyvik» vart bomba og søkkt ved Geita fyr. Fem av mannskapet miste livet.

Mai 1941

Bergensbåten «Gol» vart bomba ved Tussen og slept inn på Herlandsvika på Atløy. Seks av mannskapet miste livet.

November 1941

Fylkesbaaten «Hornelen» vart utsett for flyåtak ved Askvoll. Ingen personar skadde.

Norsk MTB under andre verdskrigen. To slike senka to handelsskip ved Askvoll i februar 1942.

Norsk MTB under andre verdskrigen. To slike senka to handelsskip ved Askvoll i februar 1942.

Februar 1942

To MTB-ar senka to norske skip i handelsfrakt for tyskarane ved Askvoll. Skipsnamna ukjende.

Oktober 1942

Tyske «Libau» på 3000 tonn vart torpedert av ubåten «Uredd» i Vilnesfjorden. Skipet vart skadd og landsett i Askvoll.

November 1942

Eit av dei mest vellukka MTB-raida mot Vestlandskysten under 2. verdskrig var åtak mot ein tysk konvoi på hamna i Askvoll natta til den 26. november 1942: Tre MTB-ar deltok i åtaket. Dampskipet «Hertha» på 2100 tonn vart torpedert på Askvika. Vart hardt skadd, men greidde å ta seg til Bergen. Under same åtak vart «Hafnia» på 2100 tonn skadd i baugen. Begge desse skipa var norske.

September 1944

Eit tysk lasteskip, «Harvestehude» på 8000 tonn, låg for anker i Askvoll. Det fekk også treff, men heldt seg flytande på pumpene. Også eit fjerde skip skulle vere treft, men kva dette heitte og omfanget av skaden er uklårt.

September 1944

Amerikalinjens «Tyrifjord» (sjå bilete øvst på sida) og Bergenskes «Lynx» bomba av 28 fly i Granesundet og ved Stavenes (sjå: Telegrafistar og tortur på Staveneset). «Lynx» vart sett i land på Stavenes, medan den brennande «Tyrifjord» vart sett på grunn ved Askvoll. På «Lynx» vart ein mann drepen. Same dag vart Bergenskes «Ursa» skadd ved flyåtak på Stavfjorden.

Desember 1944

Desember 1944

- Om norske «Havda» ved Lutelandet - sjå: Krigshistoria i Fjaler.

Januar 1945

Bjergingskompaniet sin «Bjergfin» vart senka i Eidsfjorden. Ein mann vart drepen. Under same åtaket vart tyske «Ilse Fritzen» på 4883 tonn senka i Eidsfjorden.

Mars 1945

Tyske «Sivas» på 7500 tonn bomba og sett i land på austsida av Atløy.

Mars 1945

Wilhelmsen sin «Tugela» på 7918 tonn vart sprengt av ei mine og sett på land ved kyrkja i Askvoll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010