Hopp til innhold
X
Innhald

Massearrestasjonen på øyane

 Bjarne Hillersøy vart arrestert av Gestapo. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Bjarne Hillersøy vart arrestert av Gestapo. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Nazi-aksjonen mot øyfolket i Askvoll i 1942 er den verste hendinga i Sogn og Fjordane under 2. verdskrig. Aksjonen førte til massearrestasjonar, og fleire menn vart pinte i hel i tyske konsentrasjonsleiarar.

Aksjonen mot Bulandet/Værlandet våren 1942 kom etter avsløringa av to motstandsfolk i Tælavåg på Sotra og brenning og deportasjon av bygdefolket der.

Kontaktar og adresser nordover kysten vart avslørte, og 21 menn frå Bulandet, Værlandet og Grytøyra i Fjaler kommune vart arresterte og hamna i konsentrasjonsleirar i Tyskland.

Av desse omkom Knut A. Landøy (1896-1943), Harald Myrvåg (1914-1944) og Asbjørn Melvær (1908-1944).

Les meir om krigshistoria i Askvoll.

I 1947 vart det avduka ein minnestein på Melvær over brørne Asbjørn og Vemund Melvær. Asbjørn døydde i tysk fangenskap, medan Vemund var krigsflygar og kom bort under eit tokt over Nordsjøen i 1944. På biletet ser vi foreldra deira, Maria og Magnus, ved minnesteinen. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Planar om massedeportasjon

Øvstkommanderande på Vestlandet føreslo for Reichkomissar Josef Terboven at ein som straff også skulle deportere alle sivile i ein radius på to mil frå Askvoll – d.v.s. frå Sognefjorden til Florø. Planen vart ikkje gjennomført.

Opprullinga etter Tælavåg førde også til razzia og arrestasjonar av motstandsfolk i Vågsøy og Eid. – Les meir om Telavåg-opprullinga under Krigshistoria i Fjaler, Krigshistoria i Vågsøy og Krigshistoria i Eid.

Linge-folk arresterte

Linge-karane Christian Fredrik Fasting Aall og Erling Marthinson vart april 1942 sett i land på Melvær saman med ei last våpen som skulle til Bergens-avsnittet. Dei reiste vidare til Osterøy, men vart oppdaga, og begge vart avretta i oktober 1943. Aall ligg gravlagd i Vik i Sogn.

Brusambandet sett austover mot Værlandet. Heilt i framgrunnen Nikøy i Bulandet. Den næraste brua vi ser er Olssundet bru, den andre er Ytre Melværsund bru. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brusambandet sett austover mot Værlandet. Heilt i framgrunnen Nikøy i Bulandet. Den næraste brua vi ser er Olssundet bru, den andre er Ytre Melværsund bru. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.11.2011