Hopp til innhold
X
Innhald

Misjonsforeninga fekk bedehus som gåve

Zitzelau B. Prestø. Foto: Abraham Strømmen.

Zitzelau B. Prestø. Foto: Abraham Strømmen.

Askvoll Missionsforening vart skipa i 1847 som lokallag for Det Norske Misjonsselskap, og var såleis ei av dei første misjonsforeningane i Sogn og Fjordane.

I 1925 bygde ekteparet Zitzelau B. Prestø (1860–1932) og kona Nikoline (fødd 1882) eit bedehus på garden Ask og gav huset, som den gongen kosta 25.000 kroner, til misjonsforeninga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011