Hopp til innhold
X
Innhald

Mobilslakt AS

Mobilslakt AS er eit selskap som utfører slakting frå eit spesialbygd bilslakteri.

Mobilslakt AS vart skipa i 2005 av Holmedal-bonden Jarl Iversen mfl. og utfører slakting frå eit spesialbygd bilslakteri. Selskapet dreiv første åra med slakt i Sogn og Fjordane og Hordaland, seinare også i andre deler av landet. I 2012 flytta selskapet frå Askvoll til Vestby.

Iversen starta i 1995 selskapet Bakke Gardsmat AS. I 2011 leigde Kjell Kristian Carlsen lokala til Bakke Gardsmat og starta med slakting av vilt, hovudsakeleg hjort, under firmanamnet Kjell Kr. Carlsen AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.10.2018