Hopp til innhold
X
Innhald

Modige kvinner berga sju

Hansine Tistel (t.v.) og Berte Hillersøy med medaljar.

Hansine Tistel (t.v.) og Berte Hillersøy med medaljar.

I 1885 forliste skonnerten ”Gugner” frå Tønsberg i eit overhendig uvér i Nordsjøen. Mannskapet reid på skipsvraket i tre døgn før dei overlevande hamna på eit skjer utanfor Bulandet.

Der vart dei oppdaga av den 25 år gamle Berte Hillersøy. Det var framleis hardt vér, men saman med den 21 år gamle tenestejenta Hansine Tistel rodde ho likevel ut til havaristane på skjeret i ein liten robåt.

Dei to kvinnene fekk først berga fire mann. På veg mot land møtte dei ein annan båt som kom for å hjelpe. Berte sprang då over i den andre båten og losa den inn til skjeret slik at dei tre siste overlevande vart berga trygt i land.

Dei to modige kvinnene fekk seinare tildelt Redningsmedaljen for edel dåd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.06.2010