Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolaus Gjelsvik

Relieff av Nikolaus Gjelsvik på minnestøtta i Gjelvika. Foto: A. Nybø, NRK.

Relieff av Nikolaus Gjelsvik på minnestøtta i Gjelvika. Foto: A. Nybø, NRK.

Minnestøtta over Gjelsvik. Foto: Arild Nybø, NRK.

Minnestøtta over Gjelsvik. Foto: Arild Nybø, NRK.

(1866-1938). Jusprofessor og norsk målhovding i tida frå ca. 1900 til 1938. Bondeson frå Gjelsvik, der minnestøtte med portrett er reist på heimegarden.

Målarbeid

Gjelsvik vart professor i 1906. Han stod bak eit banebrytande arbeid for bruk av nynorsk i rettslære og lover.

Styreverv

Han var mangeårig formann i Noregs Mållag og i Noregs Ungdomslag. Styremedlem i Det Norske Samlaget.

Æresdoktor

I 1929 vart han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Leipzig for arbeidet med folkerett.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021