Hopp til innhold
X
Innhald

Nikøy A/S

Nikøy A/S. Foto: Trude Bakke, NRK.

Nikøy A/S. Foto: Trude Bakke, NRK.

Nikøy A/S vart grunnlagt i 1903 av P. Nikøy. Han dreiv landhandel, bakeri og fiskepakking på Bulandet. Nikøy var også post-og dampskipsekspeditør.

Butikken var eigd av Nikøy-familien fram til 2011, då brørne Ruben og Daniel Fedøy tok over. Dei eig 45 prosent kvar, medan Arnt Henning Blom eig 10 prosent. Dei investerte ein million kroner i butikken, som er med i Joker-kjeda og fekk namnet Joker Bulandet. Joker Bulandet investerte og i eit moderne tankanlegg med kortautomat for fiskarar og båtturistar.

I 2012 har butikken ti tilsette fordelt på seks årsverk.

På dette flyfotoet ser vi Nikøy A/S på andre sida av vågen i høve til Bulandet Fiskeindustri. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På dette flyfotoet ser vi Nikøy A/S på andre sida av vågen i høve til Bulandet Fiskeindustri. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.07.2012