Hopp til innhold
X
Innhald

Norskelaget i Holmedal

Møta i Norskelaget vart for det meste haldne i det gamle skulehuset i Holmedal. Foto frå Jul i Sunnfjord 2006

Møta i Norskelaget vart for det meste haldne i det gamle skulehuset i Holmedal. Foto frå Jul i Sunnfjord 2006

Då Jens Rolvsson la ned skulen «bondehøgskulen» i Dale og reiste i 1874, skipa målfolket i Holmedal sitt eige mållag, «Norskelaget», som var verksamt i over 20 år.

Norskelaget fungerte som både mållag og ungdomslag i bygda, og var det første av dette slaget i fylket. Norskelaget hadde også eige songkor, «Symra», framførte nynorske skodepel. Det dreiv også eige skyttarlag og skogplantingsgruppe. Første tida fekk berre gutar vere med. Laget talde på det meste 30 medlemmer.

Norskelaget vart avvikla då Holmedal Ungdomslag vart skipa på slutten av 1890-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2008