Hopp til innhold
X
Innhald

Ny produksjon frå Bergensmeieriet

Bergensmeieriet freista som dåverande eigar å starte produksjon av røykelaks i lokala til Askvoll meieri på 1970-80-talet. Produksjonen vart lagt ned etter få år.

Bergensmeieriet satsa i desse åra stort på matvareproduksjon i vid forstand, og det var med same «filosofi» Bergensmeieriet bygde stor fabrikk i Lærdal for produksjon av grønsaksprodukt, og «tilsette kontraktsdyrkarar» over heile Sogn. Også dette prosjektet vart mislukka (sjå Kontraktdyrkinga.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008