Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Søreide

fødd 1944 i Holmedal. Professor i medisin, fagdirektør i Helse Vest. Cand. med. ved Universitetet i Bergen 1971, og dr. med. ved same universitetet i 1980. Utdanna som kirurg med mage-tarmkirurgi som spesialitet frå 1982. Spesialutdanning i lever-, galleveg- og pancreaskirurgi ved Hammersmith Hospital, London. Har hatt fleire studieopphald utanlands, m. a. i Japan.

Han har vore professor i kirurgi ved Universitetet i Bergen 1990-1992 og Rikshospitalet 1993-2000 og avdelingsoverlege ved Haukeland Sykehus og Rikshospitalet 1990-1998.

Søreide har óg vore sjefsforskar ved SINTEF-Unimed og forskings- og strategidirektør i Helse Bergen. Professor i helseleiing og -økonomi ved UiO frå 2000, og har vore engasjert som strategidirektør ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten før han i 2005 vart tilsett som fagdirektør i Helse Vest. Han har publisert vitskaplege artiklar innan eksperimentell og klinisk forsking med hovudvekt på «outcome»-forsking.

Frå 2011 til 2013 leia han arbeidet med å gje Nordfjord Sjukehus nytt innhald, også kalla «Framtidas lokalsjukehus».

Søreide har vore styreleiar av Kreftforeningen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2013