Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Mathiasson Bakke

Medskipar av Holmedals Sogns Bondevenforening i 1871 med over 60 medlemer, som ei av dei første i fylket.

Ola Mathiasson Bakke (1816–1895) frå Holmedal. Bonde, lærar, målmann og politikar. I tillegg til å drive som bonde heime, hadde han notbruk og dreiv sildefiske frå Åkrøyvågen i Kinn. Han fekk tilnamnet «Klok-Ola». Førar for dei såkalla jaabækianarane eller bondevenene i Sogn og Fjordane på 1870-talet.

Medskipar av Holmedals Sogns Bondevenforening i 1871 med over 60 medlemer, som ei av dei første i fylket.

Ordførar i Ytre Holmedal 1860-1863 og 1876-1879, og styreleiar i sparebanken og branntrygdelaget. Varamann til Stortinget 1862-1879, med unntak av ein valbolk. Var ein flittig skribent, og gav i 1886 ut ei samling eigne dikt. Far til David O. Bakke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011