Hopp til innhold
X
Innhald

Olai Hillersøy

Olai Hillersøy (1915-2006) frå Bulandet. Fiskar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Olai Hillersøy (1915-2006) frå Bulandet. Fiskar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Rømde til Shetland, og kom med i den vidgjetne Shetlandsgjengen som frakta våpen og agentar til Norskekysten. Hillersøy gjorde elleve turar med småskøyter, fem av dei som skipper, før han vart nestkommanderande på ubåtjagaren «Hessa». På «Hessa» stod Hillersøy til krigsslutt, og var med på operasjonar heilt nord til Helgelandskysten.

Hillersøy vart høgt dekorert av norske og britiske styresmakter for krigsinnsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011