Olav Aalen

Olav Aalen. Foto: O. Fauske.
Olav Aalen (1883-1975) frå Kvammen. Forretningsmann, fiskebåtreiar og oppfinnar.
Han kjøpte ein liten butikk og ei fiskebu i Kvammen i 1916. Der dreiv han m.a. sildesalteri, og var både dampskipsekspeditør og postopnar. Han dreiv sildefiske, var notbas og skaffa seg fleire fiskebåtar: «Heimfjell»(brukt til Shetdlandsfarten under 2. verdskrig), «Percy», «Øyvind», «Norden» og «Frøystein».
Konstruerte sidepropell
Aalen var truleg den første i landet som konstruerte ein slags sidepropell for sidelengs manøvrering av båtar, og fekk oppfinninga mønsterverna. Etter 2. verdskrig skaffa han seg dykkarutstyr og heva ein havarert båt ved Prestøyna i Askvoll. Han fekk selt motoren, men vraket elles vart slept til Kvammen, der det sidan har lege i fjæra.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 31.10.2011