Hopp til innhold
X
Innhald

Otto Olset

Askvoll Fjordhotell er mellom bygningane Otto Olset har reist. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Fjordhotell er mellom bygningane Otto Olset har reist. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Otto Olset frå Olset starta som bygningentreprenør i 1970.

Firmaet har i periodar hatt opptil 20 tilsette og har m.a. bygd skulehusa på Bulandet, Atløy og Gjelsvik. I Askvoll sentrum har Olset m.a. bygd sjukeheimen, handelhuset «Sølvbergbygget», og stått for utvidinga av Askvoll Fjordhotell. I 1982 bygde Olset saman med maskinentreprenør Olbjørn Tangedal eit næringsbygg på Bøen i Askvoll. Dette vart i 2005 selt til Askvoll kommune og brukt som nytt rådhus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2010