Hopp til innhold
X
Innhald

Ove Aalen

Ove Aalen (1921–1942) frå Kvammen. Fiskar og medlem av Shetlandsgjengen. Hadde m.a. kurs i radiotelegrafi og var under 2. verdskrig maskinist og seinare radiotelegrfist då M/K «Aksel» vart brukt av den såkalla Shetlandsgjengen til transport av våpen og utstyr over Nordsjøen. Aalen gjorde i alt 17 turar til Noreg med kutteren, og omkom då «Aksel» sokk i Nordsjøen den 11. desember 1942.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2011