Hopp til innhold
X
Innhald

Øyane var fluktruter

Øyane Bulandet og Værlandet var ei av dei viktigaste fluktrutene frå Noreg til Shetland under første del av 2. verdskrig.

Den første skøyta som drog vestover var «Vega» den 19. mai 1940. Då skyssa Jens Værøyvik frå Værlandet og Herman Midtbø frå Bulandet norske major Rindal, sersjant Isene, åtte engelske og fire nordmenn over til Shetland. Etter kvart vart det også landingsplass for den vidgjetne Shetlandsgjengen som kom andre vegen med våpen og agentar.

Ein av bulendingane som kom med i denne farlege tenesta var Olai Hillersøy. Han rømde over til Shetland i 1941, og gjorde ti turar til Noreg med småskøyter, fem av dei som skipper, før han vart nestkommanderande på ubåtjagaren «Hessa». På denne båten stod han til krigsslutt og vart ein av dei store heltane i den fårefulle Shetlands-farten.

Dagfinn Hugøy og Olai Hillersøy med eit kart dei hadde med i båten til bruk dersom dei måtte rømme over land. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Dagfinn Hugøy og Olai Hillersøy med eit kart dei hadde med i båten til bruk dersom dei måtte rømme over land. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.06.2010