Hopp til innhold
X
Innhald

P.A. Sølvberg

Forretningsbygget som Sølvberg reiste i 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Sølvberg reiste i 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Peder A. Sølvberg og ektemaken Anna starta handelsverksemd i Askvoll sentrum 1929. Handelshuset Sølvberg var i mange år den største forretninga i kommunen.

Anna og Peder Sølvberg. Foto utlånt av Solveig Sølvberg

Anna og Peder Sølvberg. Foto utlånt av Solveig Sølvberg

Peder A. Sølvberg (1906-2000) var son til den kjende handelsmannen og Firda Billag-disponenten Anders E. Sølvberg i Førde (sjå Forretningsfamilien Sølvberg). Han var aktiv motstandsmann under 2. verdskrig, og spela ei sentral rolle då Askvoll fekk vassverk i 1954. Eitt år før Peder flytta til Askvoll, hadde søstera Nelly Sølvberg starta butikk. Ho flytta seinare tilbake til Førde og overtok familien sin butikk der.

Smør, ull og blåbær

P.A. Sølvberg bygde kombinert forretning og bustadhus i 1936. Askvoll var i lang tid utan eige meieri, og Sølvberg-butikken tok imot kinnasmør frå gardane for pakking og transport til m.a. Bergen. Dei tok også imot ull og blåbær.

Trelasthandel

I 1962 tok Sølvberg over fylkesbåtkaia og bygningane der etter dampskipsekspeditør Ragnvald Haugen, og dreiv m.a. trelasthandel og sal av bygningsvarer.

Nybygg i 1980

Sonen Gunnar Sølvberg tok seinare over som dagleg leiar og bygde nytt, stort handelshus litt lengre aust i Askvoll sentrum i 1980. Forretningsbygga vart i 1998 selde til Førde Samvirkelag (sjå Askvoll samyrkelag under Landhandlar i Askvoll).

Forretningsbygget som Sølvberg reiste i 1980 husar i dag Coop. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Sølvberg reiste i 1980 husar i dag Coop. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2010