Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Askvoll

Hovudhuset på Askvoll prestegard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Askvoll prestegard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll sentrum fekk postopneri i 1856 med Henrik Paasche som første poststyrar.

Postkontoret heldt dei første ti-åra til i prestegarden i Askvoll. I 1863 overtok Anders O. Høvig (1826–1912) som poststyrar. Ektemaken Marie Høvig er registrert som poststyrar frå 1904. I 1906 bygde Høvik-folket eige hus der postkontoret flytta inn. Marie Høvig var poststyrar fram til 1933, då dottera Anna Margit Høvik tok over som poststyrar fram til ho slutta i 1959. Høvig-folket styrde dermed postkontoret i Askvoll samanhengande i 96 år. I 2001 vart postkontoret i Askvoll lagt ned, og posttenestene vart flytt over i ei post i butikk-ordning.

Holmedal

fekk postopneri i 1860, men dette vart frå starten lagt på Straumsnes på sørsida av fjorden, hjå handelsmann J. Aagesen. Der vart postkontoret verande heilt fram til 1893, då det vart flytta til Holmedal. I Holmedal vart lærar Arne L. Skarsten den første poststyraren. Postkontoret i Holmedal vart lagt ned i 1997.

Holmedal  med ein rutebåt ved kai, truleg rundt 1910. Den store bygningen er smørfabrikken Flora, seinare overtok S & S Helle Knivfabrikk fabrikkbygningen. Ukjend fotograf, foto utlånt av Kjell Eikemo.

Holmedal med ein rutebåt ved kai, truleg rundt 1910. Den store bygningen er smørfabrikken Flora, seinare overtok S & S Helle Knivfabrikk fabrikkbygningen. Ukjend fotograf, foto utlånt av Kjell Eikemo.

Follevaag

postopneri vart skipa i 1876 med Gunder Follevaag som første styrar. I 1887 vart postkontoret flytta til handelsstaden og dampskipsekspedisjonen til handelsmann Endre Yndestad på Yndestad nordafor Stongfjorden. Endre Yndestad vart poststyrar. Etter århundreskiftet starta kraft- og industriutbygginga inne i Stongfjorden, og dette kravde at det i 1907 vart skipa eit filialpostopneri der. Lasse E. Yndestad, som dreiv handel ved kaia på Gjerde, vart første poststyrar i Stongfjorden. Postkontoret i Stongfjorden fekk eigen postopneristatus i 1912, og vart lagt ned i 1997.

Yndestad postopneri

frå 1887 – sjå Follevaag.

Stongfjorden postkontor

- sjå Follevaag.

Flokenes

ved Førdefjorden fekk postopneri i 1889 med handelsmann og dampskipsekspeditør Jens Henriksen Flokenæs som første styrar. Truleg var han uløna poststyrar dei første åra. Postkontoret i Flokenes vart lagt ned i 1990.

Bulandet

fekk postopneri i 1890 med landhandlar Iver Karlsen Værø som første styrar. I 1905 vart namnet på dette postkontoret endra til «Værlandet», samstundes som det vart skipa eit nytt «Bulandet» postopneri med dampskipsekspeditør Petter B. Nikø som styrar. Værlandet postopneri og Bulandet postopneri vart lagde ned i 1997.

Atløen poståpneri

på øya Hindøy vest for Atløy vart skipa i 1892 med sersjant og handelsmann Peder A. Spord som første styrar. Noko seinare vart dette postopneriet flytta til Herland på vestsida av Atløy. Der vart dampskipskespeditør Tallak Kolbeinson Herland første styrar. I samband med at Kumle postkontor vart omskipa til Atløy postkontor i 1995, vart postkontoret på Herland lagt ned. Men i omlag eitt år etter nedlegginga vart Herland-kontoret likevel halde ope halvannan time dagleg.

Staveneset

fekk postopneri i 1894 med handelsmann Lauritz Pettersen som første styrar. Pettersen-folket var styrarar for posten der fram til 1939. Postkontoret på Staveneset endra i 1973 status til underpostkontor og vart lagt ned sommaren 1974.

Kvammen i Søndfjord

vart postadressa då Kvammen fekk postopneri i 1894 med handelsmann A. Absalonsen som første styrar. I 1921 vart postadressa modernisert til «Kvammen i Sunnfjord», og i 1976 endra til berre «Kvammen».

Kvammen fekk postopneri i 1894. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvammen fekk postopneri i 1894. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sauesund

på Atløy fekk brevhus i 1899 med kjøpmann Vincens H. Ask som første styrar. I 1901 vart dette brevhuset lagt ned, og i staden kom det postopneri på Kumle omlag ein kilometer nordafor Sauesund. Vincens H. Ask var den første poststyraren også på Kumle. Kumle postopneri endra i 1995 status til å verte postkontor for heile Atløy under namnet Atløy postkontor. I omlag eitt år etter denne omlegginga heldt Atløy postkontor i gang Herland-kontoret halvannan time opningstid kvar dag .

Kumle postkontor

frå 1901 – sjå Sauesund.

Ytre Bulandet

postopneri ved dampskipsanløpet Austneset vart skipa i 1904. Postopneriet vart lagt ned i byrjinga av 1906.

Værlandet postkontor

frå 1905 – sjå Bulandet.

Stongfjorden postkontor

frå 1907 – sjå Follevaag.

Høivik

(Høyvik) på nordsida av Atløy fekk brevhus i 1926. I 1954 vart dette omgjort til Høyvikbygda postopneri.

Vårdalsnes

fekk brevhus i 1937 med Harald Vårdal som styrar. Brevhuset vart lagt ned i 1963.

Skorvemark

brevhus i nordre luten av Askvoll kommune vart skipa i 1939, men lagt ned i 1971 og sortert under Kvammen.

Hellestrand

fekk brevhus i 1946. Den første adressa var Hellegrend, men dette vart endra til Hellestrand i 1948. Hellestrand vart lagt ned i 1966 og innordna under Holmedal.

Høyvikbygda postopneri

frå 1954 – sjå Høivik brevhus.

Atløy postkontor

på Kumle frå 1995– sjå Sauesund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.06.2010