Hopp til innhold
X
Innhald

Prestegarden i Askvoll – kultursete og maktsentrum

Hovudhuset på Askvoll prestegard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Askvoll prestegard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I mellomalderen låg ei av hovudkyrkjene i Sogn og Fjordane i Askvoll - sjå Sogn og Fjordane fylke: Kyrkjehistoria).

Første norske ordboka

Gjennom tida har prestegarden i Askvoll vore tilhald for mang ein prest som har sett merke etter seg i norsk kulturhistorie og politikk: Christen Jenssøn Askevold gav i 1664 ut den første norske ordboka:”Den Norske Dictionarium eller Glosebog”.

Biskop i Bjørgvin

Fredrik Arentz, sokneprest i Askvoll frå 1729, vart seinare prost i Sunnfjord og biskop i Bjørgvin. Han var far til den kjende sorenskrivaren i Sunnfjord, Hans Arentz - ein av dei fremste mennene på Vestlandet i det som vert kalla «opplysningstida» på 1700-talet, då han m.a. skreiv verket «Beskrivelse over Søndfiord» på 900 sider.

Stortingspresident

Askvoll-presten Georg Prahl Harbitz (sjå Kjende personar i Askvoll fødde år 1800-1900) vart stortingsmann og i 1848 den første presidenten som Stortinget fekk velje sjølv, og då Hyllestad vart skilt ut som eigen kommune frå Askvoll og Lavik i 1861 var det soknepresten Johan Carl Christie som gjorde opptaket til kommunedelinga. Fleire av sokneprestane har vore ordførarar i Askvoll.

Første fastskulen i Askvoll

Den første fastskulen i bygda heldt til i prestegarden. Det same gjorde det første postopneriet frå 1863.

Småfesjå på utstillingsplassen, truleg før 1920. Foto frå boka Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia.

Småfesjå på utstillingsplassen, truleg før 1920. Foto frå boka Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia.

Kastanjeallé

Bustadhuset på prestegarden vart bygd i 1905, då dei reiv eit hus som var bygd i 1842. I den store hagen kring huset hadde presten Christie m.a. planta ein lang allé med kastanjetre.

Dyresjå

På Prestegardsøyra ned mot sjøen låg Utstillingsplassen. Her vart det m.a. halde dyresjå. Utstillingsplassen vart teken som bustadfelt frå 1951 og utover.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011