Hopp til innhold
X
Innhald

Radar på Sandøy

Radaren på Sandøy. Biletet er teke rett etter krigen. Foto frå fotosamlinga til Kystmuséet.

Radaren på Sandøy. Biletet er teke rett etter krigen. Foto frå fotosamlinga til Kystmuséet.

Ytst mot havet på Atløy låg ein flymeldepost, og seinare i krigen bygde tyskarane radar på Sandøy ved Værlandet.

Her vart fyret rigga ned i 1943 og fundamentet sprengt bort før radaren vart montert, og seks huslydar som budde på dei næraste gardane vart evakuerte. Området rundt vart minelagt.

På Sandøy hadde tyskarane 70-80 soldatar frå 1943 og resten av krigen. Til saman hadde tyskarane ein styrke på 600-700 mann kring Askvoll i krigsåra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011