Hopp til innhold
X
Innhald

Randulf Gjelsvik

(1886–1964) frå Gjelsvik, busett på Farstad i Hustad kommune i Romsdal. Bonde og jorddyrkingspionér.

Selskapet Ny Jord kjøpte opp høveleg nydyrkingsjord over heile landet, og dei flate områda langs Hustadvika vart eitt av dei største nydyrkingsprosjekta i landet tidleg på 1900-talet. Her låg felta Farstad på 2132 dekar og Myrbostad på 818 dekar. Gjelsvik dyrka sjølv opp ein gard på 400 dekar og dreiv den med moderne maskiner og fleire tilsette. I 1917 tok han over som feltstyrar for Ny Jord-prosjekta i Hustad, Bud og Fræna etter broren Eystein Gjelsvik, og hadde dette ombodet til 1954. Ved Hustad kyrkje er det reist ein minnebauta over Gjelsvik.

- Også Ole J. Fedje frå Feios og Harald Håland frå Kyrkjebø i Høyanger kommune reiste til Hustad og vart nydyrkarar. Håland var ei tid ordførar i Hustad kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008