Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsbedrifter i Askvoll

Askvoll Fjordhotell, tidlegare Askvellir, er den største overnattingsstaden i Askvoll kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Fjordhotell, tidlegare Askvellir, er den største overnattingsstaden i Askvoll kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjestgiveri i Holmedal

På Loftet i Holmedal var det gjestgiveri frå tidleg på 1700-talet.

Askvoll Hospits

vart bygd i 1931 av Sara og Anton Høyvik.

Askvoll Hotell

- sjå Askvoll Hospits.

Ask Pensjonat

i Askvoll vart bygd av Erling Ask i 1934, etter at han hadde vore nokre år i Amerika og lagt seg opp pengar.

Askvellir Hotell

vart starta som kafé av Jorunn og Svein Stubseid i 1966 i leigde lokale.

Askvoll Fjordhotell

- sjå Askvellir Hotell.

Bulandsferie

vart grunnlagt i 1989 av Gunnlaug Gillesøy. Driv utleige av hytter og rorbuer for fisketuristar på Bulandet.

Hyttene til StangFjordFerie. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyttene til StangFjordFerie. Foto: Ottar Starheim, NRK.

StangFjordFerie

hytteutleige i Stongfjorden, vart grunnlagt i 1993 av Grunde Stang.

Magne Dyrøy

driv hytteutleige på Atløy.

Askvoll Sjøbuer

restaurant og kro i Askvoll, vart grunnlagt 1998 av Anne Lise Gjervik.

Askvoll Sjøbuer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Sjøbuer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Liv og Lyst

Liv Turid Gjørøy står bak Liv og Lyst, som leiger ut to hus og eitt husvære til turistar på Gjørøy på Bulandet. I tillegg leiger ho ut selskapslokale.

Værlandet Gjesteheim

Då Værlandet skule vart lagd ned i 2004 vart skulehuset bygt om for å huse ulike aktivitetar. Mellom anna blir det brukt som overnattingsstad. Det er fire soverom og ein sovesal med til saman 29 sengeplassar. Bak prosjektet står Elin Blom Vesterås, Janne Yttrøy, Erna Nekkøy, Laila Blom og Linda Landøy.

Eitt av feriehusa til Liv og Lyst på Gjørøy på Bulandet - Bualemmen. Foto: Liv og Lyst.

Eitt av feriehusa til Liv og Lyst på Gjørøy på Bulandet - Bualemmen. Foto: Liv og Lyst.

Fjordlagunen ferie- og fritidssenter

i Vårdal vart starta av Cecilie Utne og Arne Lillejord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2013